Give me five

Give me five

Alle femteklassingar inviterast til Give me five. Informasjonsskriv finn du her.

 

KJÆRE FEMTEKLASSING

 


Det er med stor glede vi inviterer deg til å bli med på Give me five.

 

Give me five er eit trusopplæringstilbod i Bø kyrkjelyd, der vi inviterer alle femteklassingar til å bli med. Vi kallar det også minikonfirmasjon, fordi vi lærer mykje om Gud og Jesus.

 

Give me five samlast på Bø Bedehus fredagar etter skuletid til fram til kl. 16.00. Det blir 10 samlingar og ei gudsteneste før jul, og 12 samlingar og ei gudsteneste etter jul.

 

Det er opent på Bø bedehus frå 13.15. til 16.00, og det er viktig at alle er har komme innan kl. 13.45. Da startar vi med eit måltid mat.

 

På Give me five tek vi opp ulike tema. I tillegg vil vi ha ulike aktivitetar frå gong til gong. Nokre gonger har vi grupper som de kan delta i, og andre gonger er alle saman. Av og til drar vi på tur eller til kyrkja. De vil få eit program med informasjon om kva vi skal gjere kvar gong.

 

Etter at vi er ferdige med dagens tema, er det tid  til å leike, spele spel, spele bordtennis og air hockey, lage ting, osv.

 

Dersom nokre av barna har spesielle behov, er det berre å ta kontakt, slik at vi kan løyse det på best mogleg måte. Alle skal kunne delta på Give me five. Vi vil gjere det vi kan for å finne løysingar saman med dei føresette.

 

Denne invitasjonen går ut til alle 10-åringar som står som tilhøyrande og medlemmer i Den norske kyrkja, men tilbodet er opent for dei som ikkje er medlemmer også. Dersom de veit om femteklassingar som ikkje har fått invitasjon, er det berre å be dei ta kontak t med oss på kyrkjekontoret (tlf. 35 06 10 40).

 

Deltakaravgift er kr. 250 i semesteret (tilsendt giro seinare).

 

Påmelding  HER  .

 

Helsing Bø kyrkjelyd


Del denne artikkel på e-post