Bispevisitas Bø 22.-26.mars

Bispevisitas Bø 22.-26.mars

Biskop Stein Reinertsen kjem på visitas 22.-26.mars.

Vår kjære biskop Stein Reinertsen kjem på visitas til Bø sokn 22.-23.mars. Det blir visitasgudsteneste i Bø kyrkje søndag 26.mars klokka 11.00 med samling på Bø bedehus etter gudstenesta.

Det har ikkj evore visitas i Bø sokn sidan 2006, og vi vonar biskopen får møte mange under dei dagan han er her. Det blir innhaldsrikt program biskopen skal igjennom med blant anna skulebesøk, samlingar med konfirmantar og "Give me five" på bedehuset. Nokre samlingar vil vere opne for alle, som til dømes kyrkjelydsfest på Jønnbu Fjellkyrkje onsdag kl.18.00 og møte på Bø bedehus torsdag kl. 19.00. Vi ynskjer biskopen velkommen til Bø. og vonar mange nytter høvet til å komme og høyre på han.

Visitasprogram:

Onsdag 22.mars:
09.45     Oppstartsmøte på kyrkjekontoret saman med staben
11.00     Andakt Bø sjukeheim
12.00     Arbeidslunsj med kommuneleiinga
14.15     Besøk hos NMS Gjenbruk
14.45     Konfirmasjonsundervisning på Bø bedehus
16.00     Samtale med soknepresten
16.45     Samtale med kapellan
18.00     Kyrkjelydsfest på Jønnbu Fjellkyrkje
20.00     Kveldsbøn på Jønnbu Fjellkrykje
21.00     Samtale med soknerådsleiar

Torsdag 23.mars:
08.00     Samtale med kyrkjeverje
08.40     Biskopen møter elevar på Bø ungdomsskule
10.00     Biskopen møter barna i Folkestad barnehage
11.00     Lunsj med staben
13.00     Biskopen møter elevar å Bø skule
14.00     Besøk hos Telemarksforskning
15.00     Biskopen besøker Give me five
16.00     Samtale med fellesrådstilsette
17.00     Middag og samtale med soknerådet på Bø prestegard
19.00     Møte på Bø bedehus

Søndag 26.mars:
11.00     Visitasgudsteneste i Bø kyrkje. Visitasforedrag
                Kyrkjekaffi på Bø bedehus
15.00     Tru og lys gudsteneste i Tomaskapellet 

HER kan du lese visitasmeldinga

 


Del denne artikkel på e-post