Gudstenester med søndagsskule


  

Søndagsskule

Tilbodet er for alle barn, men opplegget er mest lagt opp for dei yngste barna. Det blir lystenning, historiar frå Bibelen, bøn, songar , lykkehjul og diverse hobbyaktivitetar.

Bibelkorn

Nokre søndagar er det eige opplegg for dei som går i 1.-3. klasse. Denne gruppa samlast i prestesakristiet, mens dei mindre barna går til kapellet. Det ryktast at det alltid blir servert popcorn her, men det kan ein jo ikkje vite heilt sikkert før ein har vore der nokre gonger....

Bibelgjengen

Bibelgjengen er for deg som er mellom 9 og 12 år. På samlingane skal me snakke om tru, lese i Bibelen, hygge oss, ha misjonsbingo og milkshake.. Me møtest til gudsteneste, og når dei yngste går til si samling, går me bak til prestesakristiet. Dersom du heller vil kome direkte til sakristiet, finn du ei dør i enden på kyrkja.

 

Program våren 2017:
5.mars klokka 11.00 Søndagsskule og bibelkorn
12.mars klokka 11.00 Søndagsskule og bibelkorn
19.mars klokka 11.00 Søndagsskule og bibelgjen
26.mars klokka 11.00 Søndagsskule
2.april klokka 11.00 Søndagsskule og bibelkorn
23.april klokka 11.00 Søndagsskule og bibelgjeng
7.mai klokka 11.00 Alle