Gudstenester i Bø

 «Heilage Gud, vi er samla for ditt andlet for å møta din kjærleik og di sanning. Send oss din Ande og gjer oss opne for det som du vil gje oss. Lat ordet ditt slå rot i hjarta våre, så Kristus lever i oss, og vi blir eitt i deg og tener deg i alle ting.»                                                                 - Ei av samlingsbønene i Bø kyrkjelyd

I Bø kyrkje har vi gudstenester med salmar, inngangsord, samlingsbøn, syndsvedkjenning, tekstlesing, preike, truvedkjenning, forbøn, Fadervår og velsigning. Ofte vil det også vere dåp og nattverd. Dei liturgiske melodiane vil variere noko alt etter kva for ei hovudgudsteneste vi kjem til. I Bø kyrkjelyd har vi tre typer hovudgudstenester:

Høgmessa: Fleirtalet av  gudstenestene i Bø kyrkje er høgmesser. Dette er tradisjonelle gudstenester med preike og salmesong. Vanlegvis er det nattverd på desse gudstenestene. Ofte er det tilbod om dåp. På fleire høgmesser er det også søndagsskuletilbod.    

Lovsongsgudsteneste: Om lag ti gudstenester i året er lovsongsgudstenester. Desse gudstenestene er bygd over same lest som høgmessa, men skil seg frå denne på fleire måtar: Det er ei eiga gruppe som leier songen. Forutan preike er det ofte også eit kort intervju med ein person frå bygda. Elles er det alltid nattverd og bønevandring på desse gudstenestene. Vanlegvis er det ikkje dåp.  På dei fleste lovsongsgudstenestene er det søndagsskuletilbod.

Familiegudsteneste: Om lag tolv gudstenester i året er familiegudstenester. Dette er gudstenester med ein noko enklare liturgi. Ofte bidrar  barnekor og andre grupper i kyrkjelyden med t.d. song og forbøn. Under preika sit barna som regel framme medan presten talar frå kortrappa. Ofte veljer ein ut enkle salmar og songar til desse gudstenestene som kan passe godt for både liten og stor. Det er alltid tilbod om dåp på familiegudstenestenester.

Kalender