Dåpsregistrering


Litt om dåp

Når vi får melding om at eit medlem i kyrkjelyden vår har fått barn, sender vi ut invitasjon til dåp.

Dei fleste barn vert døypte før dei er tre månader, men også store barn og unge kan sjølvsagt døypast.

Dåpen ei gåve
Dåpen er ei heilag handling, der Gud tek i mot barnet som sitt barn og tek det inn i sin truande kyrkjelyd. I dåpen gjev Gud sin Heilage Ande til barnet og let det få del i frelsa.

Korleis kan vi følgje opp dåpen?
Dåpen markerer innleiinga til eit liv i tru på Jesus. Skal denne innleiinga halde fram, må trua få høve til å vekse og modnast etter kvart som barnet veks opp. Vårt mål er at barnet etter kvart skal få tryggleik til å be til Gud.

Det er med tanke på dette dei som ber barnet til dåp, blir spurde om barnet skal bli opplært i kristen tru. Mange er nok usikre på denne oppgåva. Greier vi dette? Då er det viktig å vite at spørsmålet til foreldra og fadderane ikkje er eit spørsmål om kva dei maktar, men om kva dei ønskjer. Dei er heller ikkje aleine om oppgåva. Kyrkjelyden vil gjerne gje støtte og hjelp til dykk som foreldre, til dømes gjennom framlegg til bøker, songar, bøner osb. Familiegudstenester og det arbeidet kyrkjelyden driv for barn, unge og foreldre, høyrer og heime i denne samanhengen.

Fadrar
Ved dåpen skal barnet ha minst to fadrar (og ikkje meir enn 6). Fadrane må ha fylt 15 år og vera medlem av Den norske kyrkja - eller eit anna kyrkjesamfunn som ikkje forkastar barnedåpen. Når de skal velja fadrar, så tenk på at det bør vera nokon som barnet kan ha tillit til. Tenk på at fadrane skal vera nokon som kan hjelpe dykk med å oppdra barnet i kristen tru.

Dåpsregistrering/ påmelding til dåp
På denne sida kan de melde dåp til kyrkjekontoret. Når du klikkar på "ny registrering", kjem du inn i registreringa. Du må først sende mobiltelefonnummeret ditt, slik at du får ein kode for registrering. Når den er motteke (nokre sekundar), kan de starte. Det ligg inne fleire val når det gjeld kyrkjer. Det er fordi vi nokre få gonger i året har gudsteneste i Bø gamle kyrkje og på Jønnbu fjellkyrkje. I tillegg har vi gudstenestesamarbeid med Sauherad om sommaren.     Om de ikkje har spesielt ynskje om kyrkje, kan det vere lurt å søkje på alle kyrkjene. Da får de flest moglege datoalternativ for dåp. De veljer dåpsdato i oversikten og fyller inn resten av skjemaet. Om du ikkje fyller ut skjemaet ferdig, kan du seinare klikke på "eg vil opne ei registrering" for å fortsette.         Ta kontakt med oss på telefon eller e-post om de ikkje ønskjer å benytte skjemaet eller om de får feilmelding.